Turistbuss hamna utfor vegen i Tromsø
0
Bussen hadde 15 personar om bord.
Den køyrde av vegen og hamna på sida i grøfta, melder politiet. Ulukka skjedde på fylkesveg 853 på Ringvassøy.
Det er ikkje meldt om personskadar.
Politiet trur bussen har blitt treft av eit kraftig vindkast i kombinasjon med glatt køyrebane.
Passasjerane er frakta vekk frå staden.