Stort fall i ledige stillingar
0
Talet på ledige stillingar gjekk ned med 11.700 frå tredje til fjerde kvartal i 2024, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
Dette er eit fall på nesten 12 prosent.
Talet på ledige stillingar har vore høgt i fleire år før nedgangen.
– Nivået på ledige stillingar er framleis høgt i eit historisk perspektiv, men tala viser ein nedgåande trend. Vi må tilbake til starten av 2021 for å finne eit lågare nivå på ledige stillingar, seier seniorrådgjevar Stine Bakke i SSB i ei pressemelding.