Sparebank 1 Sør-Norge skal nedbemanne med 100 årsverk
0
Konsernet skal nedbemanne med 100 årsverk over 2 år, seier konsernsjef Inge Reinertsen til Stavanger Aftenblad.
Sparebank 1 Sør-Noreg leverte i dag sitt første resultat etter at SR-Bank og Sparebank 1 Søraust-Noreg slo seg saman, og med det danna den største sparebanken i landet og landets nest største bank.
– Dette er ein del av effektiviseringa av oss som bankkonsern, seier konsernsjef Inge Reinertsen til avisa.
Reinertsen fortel at ein del av nedbemanninga vil skje gjennom såkalla naturleg avgang.