Dømde for tjuveri av blekkpatroner til over ein halv million
Fem personar er dømde i samband med omfattande tjuveri av blekkpatroner og andre varer frå Clas Ohlson-butikkar.
Blekkpatronene blei stolne frå butikkar fleire stadar i landet, mellom anna i Molde, Ålesund, Drammen, Arendal, Trondheim og Bergen. Desse blei så oppbevart og omsett vidare. Varene hadde ein verdi på i overkant av ein halv million. Tjuveria skjedde frå februar til april 2024 og blei sett i samanheng etter tjuveria frå butikken i Ålesund.
Ein mann i slutten av 30-åra er dømt til fengsel i to år og 11 månader, ein mann i 30-åra er dømt til fengsel i to år og seks månader, medan ein tredje mann i starten av 30-åra er dømt til fengsel i to år og sju månader.
Desse tre er dømde for å ha drive med organisert omsetning av tjuvegods.
I tillegg er ein mann i 30-åra dømt til fengsel i 120 dagar for aktlaust heleri, medan ein mann i 50-åra dømt til fengsel i 80 dagar for lagra og å ha vidaresendt blekkpatronene, eller medverka til dette.