Foreslår å legge ned Daglegvaretilsynet
0
Regjeringa vil legge ned Daglegvaretilsynet, skriv Næringsdepartementet.
Tilsynet har vore i drift sidan 2021, og har i dag fire faste tilsette.
Tilsynet skal handheve lova om god handelsskikk, og skal sørge for ryddige avtalar mellom daglegvarekjedene og leverandørar.
– Eg meiner Daglegvaretilsynet ikkje fungerer etter hensikta. Etaten er liten, får få saker og slit med å rekruttere. Regjeringa foreslår difor å legge ned Daglegvaretilsynet og flytte handhevinga av lova til eit meir eigna tilsyn. Vi ønsker no innspel om dette, seier næringsminister Cecilie Myrseth.
Det var regjeringa Solberg som tok initiativ til å opprette Daglegvaretilsynet i 2019 under dåverande næringsminister Torbjørn Røe Isaksen frå Høgre.