Dømd for tusenvis av 112-anrop
0
Ei kvinne i 40-åra er dømt for å ha ringt naudnummeret 112 fleire tusen gongar, utan at ho var i naud.
Ho har dermed hindra politiets arbeid, ifølge dommen frå Sogn og Fjordane tingrett.
Ho fekk ein telefon inndratt i juli 2024, etter tusenvis av oppringingar på tre år.
I februar i år starta ho på ny å ringe 112 ei rekke gongar, og nok ein gong inndrog politiet ein telefon.
Straffa i tingretten er at ho ikkje får tilbake telefonane.