Det norske kvinnelandslaget i fotball har klatra til 15. plass på Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) si liste over dei beste landslaga. Det er ein plass opp frå desember. Sidan då har Noreg vunne over Sveits og tapt for Frankrike i Nasjonsligaen. Til sommaren er det EM i Sveits. Der møter Noreg Sveits, Finland og Island i gruppespelet.