Tenåring med hagle prøvde å ta seg inn på fly
0
I Australia klårte flypassasjerar å overmanna ein 17 år gammal gut som freista å ta seg inn i eit fly utanfor Melbourne, melder nyheitsbyrået AFP.
Guten var væpna med hagle, og hadde snike seg inn på flyplassområdet.
Flyet hadde kring 160 passasjerar om bord, opplyser politiet. Ingen blei skadde i hendinga. Politiet seier dei undersøkjer kva motivet var, men seier ingenting tyder på at andre var involverte.
Ein av passasjerane, Barry Clark, fortel til kringkastaren ABC at guten var kledd som ein handverkar, og at dei var tre-fire passasjerar som fekk lagt han i bakken då dei såg hagla.