Albania innfører TikTok-forbod
0
Styresmaktene i Albania seier dei stengjer tilgangen til TikTok i løpet av dei neste dagane. Forbodet mot appen blei vedteke like før jul i fjor.
I november blei ein 14 år gammal gut i Albania drepen av ein medelev. Statsministeren i landet la skulda for drapet på sosiale medium.
Fleire opposisjonspolitikarar har kome med kritikk mot forslaget, og meiner det innskrenkar ytringsfridomen.