Nesten alle medlemslanda i Det internasjonale skiforbundet (FIS) har no gått med på at forbundet skal selje alle TV-rettigheitene i perioden 2026–2033.
Kvar nasjon skal altså ikkje lenger gjere det sjølv.
Det bekreftar arrangementssjef i Norges skiforbund, Terje Lund, til NRK.
Det einaste landet som ikkje har gått med på avtalen så langt er Austerrike.
– Vi har støtta ideen og vore ein aktiv pådrivar for ei slik løysing heile vegen, så får vi sjå korleis det vil fungere i praksis når vi kjem til 2026, seier ein godt nøgd Lund. Читать дальше...