Koronasertifikat blir grønt i eitt år
0
Koronasertifikatet etter gjennomgått covid-19 blir grønt i 12 månader. Det skriv Helse- og omsorgsdepartementet i ei pressemelding.
Frå før var det grønt i seks månadar for dei som har vore sjuke med koronavirus. Endringa gjeld frå fredag 10. september.
– Bakgrunnen for endringa er at det no er god dokumentasjon på at personar som har hatt covid-19-sjukdom, er godt beskytta i minst 12 månader, skriv departementet.
Det blir ingen tilsvarande endring i fritak frå innreisekarantene for dei som har gjennomgått koronasjukdom. Det er fordi EU ikkje tillèt at det blir gitt eit EU-sertifikat på immunitet som er påvist for meir enn 180 dagar sidan, står det vidare.