Ti daga på å redde jula
0
Om ikkje Storbritannia finne fleire lastebilsjåførar dei neste ti dagane blir det ingen glade jul, åtvarar den britiske handelsstanden, melder nyheitsbyrået Reuters.
Lobbygruppa som representerer Storbritannias handelsstad seier at dei treng fleire lastebilsjåførar for å lempe ein akutt varemangel.
Same dag gjekk britiske styresmakter ut og bad folk om å vere rolege og ikkje kjøpe varer i panikk. Dei seier at dei jobbar med å løyse problemet med varemangel i landet.
Mangel på lastebilsjåførar etter brexit gjer at færre varer har blitt levert til Storbritannia. Det er også store utfordringar med å frakte varer inne i landet.