Avretting og amputasjon
Taliban vil ta opp att straff i form av avrettingar og kapping av hender, men kanskje ikkje offentleg, seier ein av grunnleggjarane av rørsla.
Mulla Nooruddin Turabi åtvarar verda mot å blande seg inn i Afghanistan sine nye reglar for straffepraksis, i eit intervju med nyheitsbyrået Ap.
– Ingen skal fortelje oss korleis våre lovar burde vere. Vi vil følgje islam og lage våre eigne lover basert på Koranen, seier Turabi i intervjuet.
Han var justisminister då Taliban-rørsla hadde makta i Afghanistan fram til USAs invasjon i 2001. I dag har han ansvar for fengsla.
Sist Taliban hadde makta, frå 1996 til 2001, var brutal fysisk straff som steining og amputasjon av hender, og dessutan offentlege avrettingar, kvardagskost. Rettssaker og domfellingar var sjeldan offentlege.