Manglar arbeidskraft
0
– Vi har opplevd ein enorm kompetanseflukt dei siste månadane og denne mangelen på arbeidskraft bekymrar oss, seier Carolin Molina Rustad, dagleg leiar i bransjeforeininga sceneteknisk produksjon i Dagsnytt 18.
Sjølv om ho er glad for at Noreg opnar opp att, seier ho at det tar tid å kome ordentleg tilbake.
Vidare fortel Rustad at då alt var nedstengt, var det mange folk i scenebransjen som ikkje ville bytte bransje, men som måtte gjere det til slutt.
– At folk har blitt tvinga ut av bransjen kjem vi til å slite med, seier ho og legg til:
– Vi har heller ikkje noko formell fagutdanning på plass enno, som gjer at vi ikkje får utdanna nye.