Seks personar til sjukehus etter trafikkulukke i Malvik
Tre bilar har hamna i ein frontkollisjon på E6 i Malvik. Til saman seks personar er involverte. Dei blir no frakta til sjukehus. Naudetatane har nettopp kome til staden, opplyser politiet like før kl. 21. – Det er så langt ikkje meldt om alvorleg personskade, fortel operasjonsleiar Trond Hangaas i Trøndelag politidistrikt til NRK. E6 er stengt. Omkøyring er via fylkesveg 950, melder Statens vegvesen.