Det vart skapt 303 000 nye jobbar i USA i mars, om ein ikkje reknar med jobbar i landbruket. Det viser ferske tal frå amerikanske styresmakter.
Nok ein gong blir det skapt lkangt fleire jobbar enn venta. På førehand var det venta at talet skulle lande på 200 000, ifølgje Trading Economics.
– Det er ingenting i desse tala som tilseier rentekutt. Dette betyr at økonomien klarer seg godt, seier Harald Magnus Andreassen, sjeføkonom i Sparebank 1 Markets.
Styringsrenta i USA ligg i dag i intervallet 5,25 til 5,5 prosent.
Den amerikanske sentralbanken, Federal Reserve, har signalisert det kan kome tre rentekutt i år. Det trur ikkje Andreassen vil skje.
I Noreg er det fleire som peiker på at både den amerikanske og den europeiske sentralbanken må kutte rentene, før det kan bli aktuelt også for Noregs Bank.
– Vi får ikkje rentekutt her heller før økonomien går dårlegare. Og heller ikkje om det ikkje blir rentekutt ute, seier Andreassen.
Han lister opp: prisveksten er framleis høg, arbeidsløysa har ikkje byrja å stige, kronekursen er svak, og han ventar at lønnsveksten vil «bli ei mil over det som gir låg inflasjon».
– Det er verkeleg gode nyheiter at vi kan leve med det som historisk sett er normale renter, seier Andreassen.
В День парашютиста героем рубрики «Знай наших» стал сотрудник вневедомственной охраны столичного главка Росгвардии младший лейтенант полиции Александр С.
Школьники из ЯНАО улучшили свои знания на олимпиадной смене в Подмосковье
Сотрудница подразделения столичного главка Росгвардии завоевала «золото» на чемпионате войск по легкоатлетическому кроссу
Легкоатлеты из Мордовии показали лучшие результаты мирового сезона на международных соревнованиях в Москве
Собянин: Станция «Достоевская» на Кольцевой линии метро готова на четверть
"КИБЕР ПУШКИН": МНОГО НАТО НЕ НАДО ХОРОШИМ ДРУЗЬЯМ, И ВООБЩЕ: МНОГО НАТО ВСЕМ ОЧЕНЬ НЕ НАДО! СЕНСАЦИЯ! Россия, США, Европа могут улучшить отношения и здоровье общества!
Чебоксары — место для рекордов и романтических поступков
«Спартак» — единственный клуб РПЛ, обратившийся в ЭСК после 2-го тура