Politiet etterforskar dødsfall i Göteborg
0
Ei kvinne i 40-åra blei laurdag funnen død i eit husvære i Göteborg. No undersøker politiet om det kan vere snakk om eit drap, melder Aftonbladet.
Søndag har politiet banka på dører og snakka med folk i området som kan ha sett noko.
– Eg kan ikkje seie meir akkurat no, seier Caroline Carlsson, som er pressetalsperson for politiet i region Vest, til avisa.